top of page

Alværa er eit kristent senter som er eigd av ein av de største misjonsorganisasjonane i Norge, Det Norske Misjonsselskap. Her er aktivitet heile året, men om sommaren, i juli og august har vi nokre veker ledig der vi gjerne ønsker at grupper leiger senteret på sjølvhushald. Det betyr at dei som leiger senteret må skaffe alle maten sjølv og stå for all matlaging og servering med meir. Minimum leigetid er ei veke. 

 

Alværa, som ligg i rolige omgivelser er eit godt vedlikehalde senter som vart bygd i 1982. Som du ser på bilda på heimesida, er alle romma i senteret på eitt plan, og er slik også godt tilrettelagt for handikappa.

Nesten ytterst i Sognefjorden ligg Alværa Misjonssenter idyllisk til ved fjorden. Leirstaden ligg ved ein liten tettstad som heiter Lavik, og er lett tilgjengeleg med bil, buss og båt. 

 

OM OSS
ANSATTE
Innemiljø:
  • 13 rom m/ bad, av dei er 3 dobbeltrom, resten fleirmannsrom. Fleirmannsromma har hems. Totalt 60 sengeplassar.

  • Peisestove 40 pers.

  • Møtesal 60 pers.

  • Matsal 100 pers.

  • Fellesromma kan slåast saman

  • Bordtennis, biljard

 

Utemiljø:
  • Stort uteområde omkransa av skog

  • 100 m til sjøen

  • Om sommaren: 2 robåtar, redningsvestar. Fiske frå sjø eller land. Badebukt. Grillplass.

  • Minigolf, trampoline, basketball, volleyball, fotball.

  • Fint turterreng

  • Sandvolleyballbane

bottom of page